Velkommen til Spilde Entreprenør AS
Spilde Entreprenør AS
Malahaugen 74, 5700 Voss
Tlf: 56 52 09 30
Fax: 56 52 09 31
E-post: post@spilde.no
-------------------------------------------------------------------------
Sidan 1965 har vårt firma utført bygg- og anleggsoppdrag på Vestlandet.
Stabilitet har prega verksemda opp gjennom åra. I starten var me eit reint maskinentreprenørfirma som for det meste dreiv med boring, sprenging og graving. I dag er Spilde Entreprenør AS ei verksemd som har høg fagleg kompetanse også når det gjeld betongarbeid.
For å utføra oppdraga slik våre kundar ventar av oss, har me moderne maskiner og tidsmessig utstyr.
Men like viktig er det at våre tilsette er fagfolk på sine felt, med evne til samarbeid over faggrenser og til kontakt med byggherre og eventuell hovud-, total- eller underentreprenør.
Tradisjonelle arbeidsområde er:
Boring, sprenging og masse-flytting i samband med vegarbeid
VA-anlegg og anleggsrøyrlegging i samband med VA anlegg
Tilrettelegging av tomteland
Kraftutbygging og rehabilitering
Vassdragsforebygning
Industrianlegg
Betongarbeid ved rehabilitering og nybygg
Tunnelar for kraftverk o.l med liten kvadrat
Men me har stadig fått nye utfordringar og kundane våre har sett sin lit til at me kan løysa dei på beste måte. Difor er me glade for å få gode skussmål frå tidlegare kundar.