Frå starten
Etter at Arne Spilde frå 1962 hadde drive eiga verksemd retta mot skogsdrift oppretta han 1.august 1965 eit eige aksjeselskap under namnet A/S Maskinoppdrag. Dei var då 5 tilsette. I 1987 vart firmanamnet endra til Spilde AS entreprenørfirma som i 1993 vart delt med eit eigedomselskap under namnet Spilde AS og eit driftsselskap under namnet Spilde Entreprenør AS.
I 1998 selde Arne Spilde seg ut av firmaet og dei tilsette overtok aksjemajoriteten i Spilde Entreprenør AS. Då Spilde Entreprenør AS i 2004 kjøpte eigedomen i Malahaugen vart Spilde AS lagt ned.

Allsidig anleggsdrift gjennom mange år
I dei første åra var mykje av jobbane graving og sprenging, men med åra tok firmaet på seg større byggeoppdrag og ein kan her nemna: Terskelbygging og flaumsenking av Vangsvatnet -flaumsenking av Myrkdalsvatnet, utestasjon for VK på Bryn, kloakkrenseanlegget for VK i Gjernesmoen, - fjellhallar for Norzink i Odda og skredsikring i Odda, undergang ved Utsikten for Jernbaneverket samt skredsikring i Gudvangen m.m. Av prosjekt i seinare år kan det nemnast VA-anlegget i Vangsgata, blokkene på Rogne, Bjørgatun/Haugatun, Båbrekko, Miltzowsgata samt rehabilitering av utebassenget i Prestegardsmoen. m.m. I tillegg har firmaet hatt fleire store damprosjektarbeid for m.a. Statkraft og BKK, og banesikringsarbeid for NSB.

Heile Norget som arbeidsområde
For å henta nye oppdrag må store deler av oppdragsmengden koma utanfor Voss.
Me har bygd minikraftverk i Rogaland, dam og pumpestasjon i Mauranger kommune for Statkraft, rehabilitert inntak på kraftanlegget Nore 1 i Numedalen for Statkraft, og i Bergen, på Hatlestad Terrasse,har me utført sikringsarbeidet etter raset som gjekk der 14.september 2005.
For Jernbaneverket har me vedlikeholdskontrakt og utfører arbeid langs sporet frå Bergen til Finse sommer som vinter.
For Tinfos AS driv me for tida 2,2km vanntunnel på Kobbholm og Valvatn Kraftverk i Kirkenes og i Voss sentrum oppfører me forretningsbygg i betong for Aas eiendom.


Økonomi
Spilde Entreprenør AS er IA-bedrift og har i dag 60 tilsette og av desse er 23 tilsette medeigarar i selskapet.
Det er styret i selskapet sitt ynskje at alle som arbeider i firmaet skal få tilbod om å bli medeigarar. Dette for å styrkja eigarskapen og medansvaret for firmaet si framdrift.
I 2009 hadde firmaet ein omsetnad på kr. 88,6 mill. og eit overskot på kr. 5,4 mill. før skatt.
Eigenkapitalen i firmaet er på kr. 18,6 mill.
Spilde Entreprenør AS er no eigar av kontor og verkstadlokala i Malahaugen og har kjøpt og tilrettelagt ny tomt i industrifeltet på Istadmyrane. Den vert no nytta som lagerområde.

Leiing
Olav Lægreid er dagleg leiar av firmaet og arbeider og som anleggsleiar saman med Nils D. Nyre, Audun Rio og Håkon Bu. Frank G Nummedal arbeider som landmålar/stikkar.



Folkedal Kraftverk
Me har no signert kontrakt på bygging av nye Folkedal Kraftverk.
Ny kontrakt med Jernbaneverket
Me har ingått ny kontrakt med Jernbaneverket. Dette er ein....
Ny teleskoptruck
For å kunna ta på oss meir arbeid på og utanfor jernbanen.......
Krafttunnel i Kirkenes
For Tinfos AS skal me driva 2,1km tunnel.......
Nye Gravemaskiner
For å kunna ta fleire oppdrag på jernbanen.............
Ny lastebil
Me har skifta ut dumperbilen vår i ny.........
Ny gravemaskin
For å kunna ta oppdrag på jernbanen har me investert i ny hjulmaskin med påmontert skinnehjul.
Ny borrigg
I forbindelse med sikringsarbeier ved Hatlestad terrasse, har me investert i ny borrigg.
Hatlestad Terrasse
Me utfører sikringsarbeidet etter jordraset i Hatlestad Terrasse 14 september 2005.
Les meir..

Ny lastebil, Scania R580
Etter lang og tru tjeneste både frå lastebil og sjåfør, byter me no lastebilen.
Les meir..

Ny tunnellaster
I samband med nye tunneloppdrag,
investerar me i ny Toro 007 tunnellastar.
Les meir..

Ny Dumper
MOXY MT26
Les meir..

Ny tunnelrigg
For å kunna driva nye tunnellar med små tversnitt.
Les meir..